Pistolmannen frå Molde
Arman Vestad såg Orderud-saka som ein PR-kampanje, sjølv om han allereie var eit sjeldan stykke norsk krimhistorie.
22. desember 1998: Kristin Kirkemo og Arman Vestad bråstoppa bilen i ei busslomme nær Gardermoen og sprang til flyet til Molde. Der venta to pistolar og ein kraftig fest.
– Me hadde ein stor suite på hotell Alexandra. Dagen etter låg det kokain-striper, ecstasy og korkar med GHB igjen. Ikkje særleg hyggeleg for reingjerarane, fortel Vestad.
Han seier at Kristin så pakka pistolane i handbagasjen og flaug til det berømte juleselskapet på Orderud gard. Arman fortsette både festen og krimmen.
I mange år.
Heilt til han blei stilt to tydelege spørsmål.
Bondeland
Alt har ein start – og me har alle blitt påverka av oppveksten.
Arman Vestad var barn på vesle, landlege Bolsøya.
– Me var tre stykke i klassa mi, og dei to andre spelte ikkje fotball, fortel han.
Da han skulle starte på ungdomsskulen i Molde, ein buss- og ferjetur unna, gleda han seg enormt.
– Men frå første skuledag blei eg terga og erta for å vere bonde. Dei sa slikt som: «Reis heim og ta våronna» og «Det luktar silo her».
Han fekk sjeldan vere med å spele fotball, og blei aldri spurt om å bli med nokon heim. Vestad følte seg utestengd på skulen, og heime sakna han tid med faren. Han var i Nordsjøen, og på land hadde han ulike interesser frå sonen.
– Eg prøvde alltid å få merksemda hans og vise at eg var bra til ting. Utan at eg følte at eg var det, seier Arman Vestad i dag, 40 år seinare.
Som 14-åring masa han seg til å flytte til bestefaren i byen.
– Da snudde alt. For av bestefar fekk eg pengar.
Silo til Levi’s
Arman fekk hundrelappar av bestefaren, og spanderte rundt seg. Heile klassa fekk 50-ørestyggisen Bugg.
Snart fekk han råd til dei riktige kleda: Ball, Poco Loco, Mephisto-sko – til slutt mangla berre Levi’s 501.
– Eg var veldig lei av å bli kalla Cubus-rotte, og mangla 100 kroner til buksa. Så tenkte eg: «Kanskje eg berre kan låne litt av bestefar.»
Arman sneik seg til lommeboka til bestefaren i gangen, og nappa ut ein hundrelapp.
– Det var eitt av dei mest skamfulle augneblikka i livet mitt. Eitt av mange.
Det var langt frå siste gong han stal frå bestefaren, eller kryssa grenser.
«Arman med arman»
Men saman med sin nye kompis Petter Rudi handla livet mest om fotball.
– I den store lastebilgarasjen til bestefar trente me teknikk og spenst i timevis.
Så kom opptaket til elitejuniorlag til Molde, og kameratane fekk kvar sin beskjed: Rudi blei sjølvsagt med – og skulle med tida spele 46 landskampar. Arman blei ikkje med.
– Det var som eit slag i magen. Eg syntest det var urettferdig og at eg var frykteleg nære.
Han måtte finne ei ny meining med livet. Den fann han i dørvaktmiljøet.
Ikkje nødvendigvis den sunnaste staden for ein 18-19-åring.
– Det var nokon der som brukte anabole stereoidar. Og nokon som røykte litt hasj etter jobb. Så var det nokon som brukte det nye partydopet, ecstasy.
Og Arman Vestad var ingen nei-person. Tvert om. Etter eit par år var han 120 kilo med musklar – og blei kalla «Arman med arman». Han flytta til Trondheim for å studere.
Og bli telesvindlar.
Klesmerke
I Trondheim fekk Vestad sambuar og blei far, medan han studerte marknadsføring på NTNU og BI.
– Men det var liksom på nattetid eg levde, fortel han.
For Arman fortsette som dørvakt, bygde musklar og nettverk og ville tene pengar. Han utvikla eit eige klesmerke for folk med bulande biceps, og fekk statleg tilskot på 50.000 kroner – ei kvart årsløn.
Berre halvparten blei utbetalt, for rekneskapen mangla.
Så starta han helsekostbutikk. Kameraten hans dreiv lovleg, medan Arman dreiv med snusk på bakrommet.
Spå- og sextelefon
To ting som var hot på midten av 90-talet var mobiltelefon – og spå- og sextelefonar.
Og Arman Vestad var som ei kriminell tidsånd.
På NTNU møtte han ein smarting som kunne hacke signala på mobilnettet – slik at ein kunne ringe frå tilfeldige mobilar i nærleiken. Så oppretta han eit 829-nummer.
– Da kunne me berre legge frå oss telefonen i 20–30 minutt, og fekk ein tusenlapp per samtale. Me passa på at me ikkje ringde for lenge, så rekninga ikkje blei altfor høg for offera. Men nokon gonger gløymde me oss, og den blei liggande eit par timar.
– Det var ikkje du som kom med spådommar eller lagde lydar?
– Nei, det var ingen. Heilt tomt.
Ei liknande signalhacking dreiv Steve Jobs og Steve Wozniak med før dei stifta Apple.
– Dei var gode til å treffe tidsånda og utvikle – medan eg nok var altfor glad i ein fest, humrar Arman Vestad.
Moldensaren laga også ein metode der han prøvekøyrde bruktbilar og kopierte nøkkelen, før han stal bilen på nattetid og selde han vidare – med ID han hadde tatt som dørvakt.
Til slutt banka politiet på døra. Sambuaren kasta ut den ferske barnefaren.
Det var slutt på dobbeltlivet. Arman Vestad kunne erobre nattehovudstaden Oslo.
Barock og rus
– Me dørvaktene hadde eit ritual med å snorte kokain på doen kvar time, fortel Vestad.
Han måtte vere på plass i døra kvar torsdag klokka 21, elles var livet vorspiel, fest og nachspiel.
Og frakting av amfetamin, kokain og ecstasy for folk, gjerne på dei dyrare adressene i byen.
Under ei levering på Frogner ein tidleg måndag morgon blei Arman brått stressa, sidan han var rusa og det var ei tid politiet gjerne var ute.
– Eg fann ein politifri veg: Inn i Vigelandsparken. Eg hugsar at kunden ringde akkurat da eg køyrde ned nokre trapper nær Monolitten. Han lurte fælt på kva humpelyden var.
Vestad fortsette med nye tidsriktige idear: Han bytta ut pustedropsa i småboksane som var populære, med: Litt amfetamin, ecstasy, hasj, rohypnol og valium. Full utrusting til festande, til prisen av tusen kroner per boks.
GHB-kokk
Ja-mannen frå Molde blei også ein pioner på eit ferskt rusmiddel i Noreg: GHB.
GHB har blitt kalla flytande ecstasy, sjølv om det ikkje er heilt i slekt.
– Sidan GHB var litt dyrt, fann eg ut at me kunne koke det sjølv.
Så fyrte han opp grytene på kjøkkenet, meir likt den seinare TV-serien Breaking Bad – enn Ingrid Espelid Hovig og Fjersynskjøkenet.
– GHB blei blant anna laga av kaustisk soda (avløpsreins) og eit pulver som blei brukt til å reinse felgar (!), fortel Arman.
Det gav ikkje den beste smaken, og dopet hadde eit rykte for å vere litt «fattigmanns dop». Difor gjorde den tidlegare marknadsføringsstudenten nokre grep.
Han fylte GHB-en sin i brune apotekarflasker, helte i grøn konditorfarge, og spedde på med litt kokain – og etikettar som sa «Mind teaser». Så skrudde han opp prisen.
Produksjonen og salet gjekk strålande, og Arman følte seg meir og meir uovervinneleg. Ein søndag formiddag skulle han og ein kamerat levere eit par dunkar med GHB.
– Da gjekk eg nedover Karl Johan i snikkarbukse og bar overkropp, gulbleika flippskjegg og snowboardbriller på det glattbarberte hovudet. Og buffalosko som gjorde oss ti centimeter høgare – medan me bar to dunkar med rundt 30 liter GHB.
– Me blei ikkje tatt. Det er smått utruleg, fortel Vestad.
Men sjølv om politiet ikkje tok den nye GHB-kongen i byen, var døden nær å ta han.
Fleire gonger blei han funnen i trappeoppgangar etter overdose av det flytande partydopet. Arman var så langt ute at han slutta å ta av seg plastarmbandet frå Ullevål sjukehus, sidan han nok snart ville bli sendt dit igjen.
– Ei tid hadde eg fleire overdosar i veka.
Det siste han trong no var ein ny partyvenn.
Men det fekk han.
Kristin Kirkemo
Du kan jo gjette kor dei møttest.
– Eg møtte Kristin på ein fest, etter eg hadde komme heim frå ei vellukka kriminell forretningsreise i Polen. Ho var annleis dei andre i rave-miljøet.
For Kristin var kledd i vanlege klede, ho hadde bil og jobb. Og til liks med Arman var ho rappkjefta og ja-menneske.
Dei festa, reiste rundt, budde på hotell og såg på Teletubbiane på barne-TV.
Så ein kveld skal ho ha spurt Arman om hjelp til å få tak i eit par pistolar. Han såg snittet til å både tene pengar og glede Kristin. Han ringde gamle vener i Molde, og fekk kjapt napp.
Rett før joleftan flaug dei til Molde.
– Me hadde det ganske travelt, så Kristin spann av garde mot Gardermoen og parkerte i ei busslomme. Det var bilen til Lars [den dåverande kjærasten til Kirkemo], så eg trur ikkje ho brydde seg så hardt om det, seier Vestad.
Dei heiv seg på flyet, og Vestad fortel om ein kraftig fest i storsuiten på hotell Alexandra.
– Mine folk kom med våpen og Kristin sjekka at det var det ho skulle ha.
– Dagen etterpå, blei du spurt om å bli med på det berømte joleselskapet på Orderud gard?
– Nei, eg hadde aldri høyrt om Orderud gard på det tidspunktet. Eg var klar for joleferie heime på Bolsøya, så da ho ikkje fekk flybillett ned att, blei eg bekymra for at me måtte feire jol saman.
Men Kirkemo fann seg eit fly. Ho skal ha pakka pistolane i ein liten bag og vandra freidig med handbagasjen gjennom sikkerheitskontrollen. Dette var før 11. september 2001 snudde om på flytryggleiken.
– Kva tenkte du pistolane skulle brukast til?
– Eg var aldri interessert i å vite slike ting. Jo mindre eg visste, jo betre.
I Orderud-rettssaka sa Vestad at han antok at Kirkemo skulle selje pistolane vidare med forteneste.
PR-boost
Ei natt i pinsa 1999 smalt det fleire skot i kårbustaden på Orderud gard. Tre personar låg igjen – drepne.
Arman Vestad blei bekymra.
– Det første eg tenkte på var ikkje at tre personar var brutalt drepne. Det var at no må eg passe meg sjølv og gøyme unna dopet mitt rundt i Noreg, for snart vil politiet få snusen av meg.
Klokka 02 ei laurdagsnatt, midt under jazzfestivalen, blei han arrestert utanfor eit diskotek i Molde.
Arman bestemte seg kjapt for å snakke til både VG – og i rettssaka.
Det har ikkje lukkast NRK å få svar frå Kristin Kirkemo i denne saka. Påstandane frå Vestad blei belyste under rettssakene.
– Eg såg på det som ein PR-kampanje, fortel den gamle marknadsføringsstudenten Vestad.
Men sjølv om han fekk ein kriminell omdømmeboost, hadde Orderud-rettssaka ei bakside som Arman ikkje hadde tenkt på.
Zalo
– Eg blei eit kjent namn, og fekk masse merksemd blant kriminelle og på fest. Men det var noko eg hadde gløymt: Eg blei også ein kjenning for politiet.
Der han før sprada rundt halvnaken med GHB-dunkar på Karl Johan, tok det no få månader før han blei fengsla. På nyttårsaftan inn i år 2000 sat han med besøksforbod i Bergen kretsfengsel.
– Da kjente eg meg så utruleg liten. Og mislukka. Eg skjønte at alle andre var ute og feira det nye tusenåret med klem og kjærleik. Og der sat eg – aleine.
Vestad hadde ikkje champagne på cella si. Men han fann ei flaske Zalo. Som han retta mot munnen.
– Eg prøvde å helle nedpå heile flaska. Det var eit dårleg sjølvmordsforsøk.
I ettertid verkar det som eit rop om hjelp. Arman blei etter nokre månader sett fri og flytta heim til Molde, som ein heilt anna person enn den 120 kilos kroppsbyggjaren som drog frå byen sju år tidlegare.
Politimannen
Vestad var 70 kilo tynn og underarmane fulle av blå sprøytestikk.
Han gjekk på sosialen, var mykje sint, enda meir rusa, og dreiv med mislukka krim. Ein laurdagskveld, etter at Vestad hadde drapstrua ein kar, storma politiet inn i kjellarleilegheita hans.
– På kjøkkenet låg ei avsagd hagle, det låg plastfolie med amfetamin, klipsposar med ecstasy, brødskalkar og det var sjølvsagt innestengt luft. Sjølv låg eg nok i sofaen.
Politimannen Kjellbjørn Riise Johansen sette seg ned ved han.
– Han sa til meg: Det her ser ikkje så veldig bra ut, Arman. Er du heilt sikker på at livet ditt treng å vere sånn? Kan det vere at det finst ein anna veg ut?
Dagen etter banka politimannen også på døra til den kalde glattcella. Da var Arman mest gira på å fortsette med rus og krim. Men kanskje hadde varmen frå politimannen sådd eit frø.
Gjeld
Under neste soning fekk Arman hjelp til å innsjå at han kanskje ikkje er så flink på kriminalitet som han trudde. Han sat jo stadig inne.
Etter ein del fram og tilbake blei han avrusa. Og utdanna seg til sosionom.
– Når du som kriminell skal snu livet er det mykje som må på plass. Du må fikse den fysiske helsa, det psykiske, få nye vennar, lære å gå på skule igjen, fikse forholdet til familien, slutte å tenke kriminelt – og ikkje minst: Ordne det økonomiske.
Arman hadde ei krimgjeld som gjorde at han måtte leve på 5000 kr i månaden – og handle First Price-mat.
– Eg sneik meg til andre sida av Trondheim for å sleppe at naboen skulle sjå meg, fortel Vestad, som var like opptatt av merke som i tenåra.
For ein ekskriminell er det heller ikkje ein draum å søke jobbar.
– Eg hadde jobba som dørvakt, og som forsikringsagent, men da fekk eg sparken fordi eg selde meir ecstasy enn forsikringar.
Hjartet på rette staden
Han skreiv ærleg i søknadane om si kriminelle fortid og skamma over pengemangel – og fekk faktisk jobb som gjeldsrådgivar på NAV Melhus.
Samtidig flaska livet seg da han møtte Therese på blind date. Ho aksepterte den tvilsame bakgrunnen til sosionomen ho møtte.
Med ein son på 16 som han knapt såg i oppveksten, vegra Arman seg veldig for å få fleire barn.
– Eg var redd for å ikkje vere god nok som pappa og at ungane skulle bli sånn som meg. Da sa Therese at du er meir enn bra nok til å bli pappa til mine barn. Da var det eit eller anna som kneppa på plass i hjartet mitt.
I dag har Arman fått to gutar til og er trebarnsfar. Og etter femten år i NAV gjekk han over til å halde eigne foredrag. For å få fleire som har falle utafor, inn i jobb.
– Det gir meg enormt å halde foredrag framfor 500 menneske i næringslivet, og prøve å få dei til å tenke at: «I morgon skal eg prøve å få tak i nokon med annleis bakgrunn». Eg brenn for å skape fleire slike historier som den om Arman.
Originalartikkel: https://www.nrk.no/mr/xl/arman-vestad-leverte-rugerpistoler-til-kristin-kirkemo-for-drapa-pa-orderud-1.16606656